Over 200 bøker kan lånast gratis
Fylkesbiblioteket har arbeidd mykje med å utvikle klassesettsamlinga og har no fleire og meir varierte klassesett. I tillegg har vi fokusert på bøker med ulik vanskegrad og med fleire lettleste bøker på nynorsk. Her fins også nokre film- og lydbokutgåver av bøkene. Sjå oversikt over alle klassesetta vi tilbyr og Tips til bruk av klassesett i undervisning.

Rett bok til kvar lesar
Stor variasjon i lesenivå og interessefelt blant elevane, gjer at det stadig vert meir populært å bestille ulike sett bøker til elevane når klassen skal i gang med leseprosjekt. Rett bok til kvar lesar kan motivere til auka leselyst og gje elevane den viktige kjensla av mestring.

Ta gjerne kontakt med Bente Lund anten på e-post eller på tlf. 57 63 79 51 for å diskutere kva bøker som kan passe eller for å få hjelp til å bestille klassesett.

Regjeringa sin slagplan for å heve elevar sin lesedugleik
Kunnskapsdepartementet la nyleg fram Motivasjon og mestring for betre læring, eit strategidokument for ungdomstrinnet gjeldande frå hausten 2012. Med dette skal regjeringa skjerpe satsinga på lesing ytterlegare for å løfte lesekompetansen i norsk skule.

Lesing skal fungere som ei kjelde til oppleving og læring, og for å auke lesekompetansen er det viktig at alle som driv leseopplæring har tilgang til varierte og gode titlar som kan bidra til eit vellykka møte med bøker og tekst for alle elevar.