Dette er bøker som treff mange og er populære hjå ungdom. Ikkje minst høver bøkene godt som grunnlag for engasjerande debattar i klasserommet om høgaktuelle tema. Under fylgjer ei kort skildring av bøkene:

 

Bokomslag Fuck off I love you

«Fuck off I love you» handlar om dei vala vi gjer. Kva er det som styrer våre handlingar? Kva er det som gjer at nokon endar opp som ekstremist eller terrorist? Kva skyldast faktorar som arv og miljø og kva gjer vi av fri vilje? Sett i lys av 22. juli, skulemassakre og andre terrorhandlingar, er dette eit svært aktuelt og viktig tema. Samstundes er det ei fengande bok som ein ikkje klarar leggje frå seg. Mange ungdommar, særleg gutar kan nok kjenne seg att i hovudpersonen Vemund.
 

Boka er på nynorsk og fins også som lydbok for dei som treng tilrettelagt litteratur.

 

Bokomslag Verdensredderne

«Verdensredderne» handlar om arbeids- og leverforholda i den tredje verda. Korleis lever dei som syr kleda våre og set saman Iphonen vår? 

Boka peikar også på forhold rundt dyrevern og miljøvern og stiller spørsmål om kva ansvar vi som forbrukarar har. Kan vi eigentleg gjere ein skilnad? Boka får også fram at aktivisme kan gå for langt. På ein spennande måte syner romanen kor viktig det er med medvit omkring desse emna (den har også ei fin kjærleikshistorie).

Bokomslag Nærmere høst

 

«Nærmere høst»

handlar om deportasjonen av norske jødar under 2. verdskrig. Her kan ein t.d. trekke parallellar til korleis romfolk og asylsøkarar blir behandla i Noreg og resten av Europa i dag. Ei utruleg sterk og rørande bok, som alle bør lese!

 

 

 

 

 

Nominert til Uprisen
To av bøkene «Nærmere høst» og «Fuck off I love you»,  er begge nominert til Uprisen (ungdommen si eiga kåring av årets beste norske ungdomsbok). Boka «Verdensredderne» blir også trekt fram av juryen og får heiderleg omtale. 

Dette er også gode bøker å ha fast i biblioteket!

Trykk her for å låne klassesetta!