I kvar kommune vil elevane få treffe forfattar Bente Bratlund på biblioteket, der ho vil fortelje om og lese frå bøkene sine.

Formidlarar frå Nynorsksenteret/Aasen-tunet besøker skulane, og presenterer eit breitt utval av nynorske barnebøker for lærarane, og fortel kvifor det er så viktig at elevane har tilgang til denne litteraturen. Det vert også delt ut eit hefte med mellom anna intervju med forfattar Bente Bratlund, fagartiklar om den andre lese- og skriveopplæringa, nynorsk bokliste og om korleis ein kan stimulere til gode leseaktivitetar på 3.-7. trinn.

Turnerute:

  • 31. oktober: Vik hovudbibliotek (5.-7. klassetrinn møter) og Flatbygdi skule.
  • 1. november: Lavik bibliotekfilial (1.-7. trinn møter) og Lavik skule
  • 2. november: Hyllestad folkebibliotek (5.-7. klassetrinn møter) og Hyllestad skule

Målet med Klart vi les! er å stimulere til bruk av den nynorske barnelitteraturen. Målgruppa er lærarar, bibliotekarar og andre vaksne som arbeider med elevar på 3.-7. trinn.

Turnéen er del av Barnelitterære fagdagar som vert arrangert 3.- 4. november i Førde. Konferansen er ope for alle vaksne som arbeider med barn og lesing. Her får du ei variert oppdatering på kva som fins av nynork barnelitteratur, tips til leseaktivitetar, og faglege innlegg om leseopplæringa. Klart vi les! er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, Ivar Aasen-tunet og fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.