Klart vi les! er ein nynorsk barnebokturné der forfattaren Vegard Markhus møter born på 1.-4. trinn i biblioteket. Forfattaren les frå og fortel om bøkene sine, og borna kan låne med seg nynorske bøker etter høgtlesinga.

Etter formidlingsstundene vil Liv Astrid Skåre Langnes frå Nynorsksenteret møte lærarane og presentere eit breitt utval av nynorske barnebøker, og fortelje kvifor det er så viktig at elevane har tilgang til denne litteraturen.

Turnerute:

  • 17. september: Gaular folkebibliotek, Sande. 3 økter med formidling (1.-4. trinn) + lærarmøte på Sande skule.
  • 18. september: Jølster bibliotek, Vassenden. 3 økter med formidling (2.-4. trinn) + lærarmøte på Vassenden barne- og ungdomsskule
  • 19. september: Naustdal bibliotek. 3 økter med formidling (3.-4. trinn og SFO) + lærarmøte på Naustdal barne- og ungdomsskule

I tillegg til turneen blir det arranger eit seminar om lesing og barnelitteratur 31. oktober i Førde. Målgruppa er barnehagelærarar, lærarar på 1.–4. trinn, bibliotekarar, kulturarbeidarar, formidlarar og andre interesserte.

Klart vi les! er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, Ivar Aasen-tunet og fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.