Klart vi les! - seminar og forfattarturné er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet, Nynorsksenteret og fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Turnéen rundt i kommunane er for inviterte skular og barnehagar, men seminaret er ope for alle som arbeider med litteratur retta mot barn.
Klart vi les! skal gje tilsette i skular og barnehagar auka kompetanse om nynorsk litteratur og litteraturformidling. For at barn skal bli gode lesarar, må ein lese mykje for og med dei. For at barn skal bli gode skrivarar, må dei kjenne språket i den målforma dei brukar. Det kjem ut langt færre nynorskbøker enn bokmålsbøker, og difor er det særleg viktig at dei som jobbar med barn får kjennskap til dei.
Det barnelitterære seminaret byr på eit godt og kvalitetssikra program. Vi får møte Anna R. Folkestad, forfattaren av "Unni og Gunni" og "Henrik and". Formidlar Nina Elisabeth Bøe, som har forteljarstemma i fleire kjende tv-seriar som mellom anna "Prikk og Flekk", men som også har lang sceneerfaring og er kurshaldar i formidling. Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis ved NLA Bergen, og forfattar og medredaktør av Nynorsk med dei minste (Samlaget 2017).
Det vil også bli presentasjon av nye og relevante bøker, samt kva nettressursar som finst tilgjengeleg.
Ivar Aasen-tunet vil selje nynorske barnebøker til gode prisar, og seminaravgifta inkluderer forfriskingar og lunsjbuffet.
Påmeldingsfrist 18. oktober.
Velkomen!
Program
09.00 Registrering og morgonkaffi
09.30 Velkomen ved Ivar Aasen-tunet. Morgonhøgtlesing ved Anna R. Folkestad
09.45 Den vesle lesaren. Kvifor språkstimulering på nynorsk? ved Nynorsksenteret
10.10 Tips til nynorskressursar på nett og brett
10.30 Pause
10.45 - Kva bok skal det vere i dag? Nynorsksenteret presenterer bøker
11.30 Lunsj
12.15 Nynorsk med dei minste. Om språkkvardagen til små born som skal ha nynorsk som hovudmål. Ingvil Brügger Budal, førsteamanuensis ved NLA Bergen, og forfattar og medredaktør av Nynorsk med dei minste (Samlaget 2017)
13.15 Pause
13.30 Skriv for meg. Anna R. Folkestad om det å skrive for born
14.15 Eg vil nå deg! Nina Elisabeth Bøe om å formidle litteratur for born
Avslutning med utdeling av bokpremiar
Slutt 15.30
Påmelding
Pris: 500 kr pr. deltakar inkludert lunsjbuffet og forfriskingar
Bindande påmelding i skjemaet på nettsidene til Aasentunet, eller til siri.gjerde@aasentunet.no eller admin@aasentunet.no
Påmeldingsfrist 18. oktober