I år er det nytt skjema - dvs. innhaldet er det same, men utforming og tilgang til skjemaet er endra.

Du finn skjema for levering av statistikk for 2018 under ditt bibliotek på bibliotekutvikling.no. Her vil du finne skjema for rapportering av folkebibliotekstatistikk. Du må registrere deg som brukar på bibliotekutvikling.no for å få tilgang, og framgangsmåten finn du her.

Førebels har ikkje fylkesbiblioteket tilgang til statistikkskjemaet dykkar, men det vil vi få etter kvart, og vil ta den vanlege gjennomgangen av det som er levert.

Hugs å lese rettleiinga! Det kan vere veldig klargjerande når det gjeld kva det eigentleg blir spurt om.

Fylkesbiblioteket vil sende ut tal om e-media, men vi ventar framleis på nokre tal frå leverandørar.