Deltakarlista er tilgjengeleg her slik at dei som ønskjer kan slå seg saman for å køyre til og frå.

Om nokon mot formodning ikkje har fått meldt seg på, så ta kontakt med Siv Hatlem snarast.

Program for arbeidsseminaret "Saman for framtida"

(Program og tider er førebels og kan bli endra!)

16. april
Innsjekk, registrering
10.00: Oppstart og velkomst ved fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen
10.10: Funn frå bibliotekintervjua ved Anja Angelskår Mjelde og Siv Hatlem
10.30: Arbeidsøkt med Eli-Grete Høyvik
11.45: Lunsj
12.30: Framhald arbeidsøkt
15.45: Avrunding med oppsummering så langt
16.05: Beinstrekk
16.15: Årets bibliotek: Samarbeid ved Lom folkebibliotek ved Rita Mundal
17.00: Avrunding ved fylkesbiblioteket og orientering om kveldens program
17.10: Fri og ein matbit
18.30: Besøk på Ciderhuset. Ta med godt fottøy, 15 minutters gange til og frå
20.00: Kjapp pust i bakken, skobytte m.m.
ca. 20.15: Middag på Kviknes

17. april
Frukost
09.00: Velkommen til dag to ved fylkesbiblioteket
09.10: Fagleg økt om prosjekt- og teamarbeid ved Eli Grete Høyvik
10.00: Arbeidsøkt
11.30: Avrunding og oppsummering av arbeidsøkter
11.45: Lunsj
12.45: Kari Hortman om samarbeidsprosjektet Litteraturhus Nord-Trøndelag
13.30: Beinstrekk
13.40: Lindås og Meland: Bente Bing Kleiva om praksisfellesskap
14.20: Pause med noko attåt
14.50: Utfylling skjema
15.05 Avslutting ved fylkesbiblioteket og om vegen vidare
15.15: Ordet er fritt
ca. 15.30: Slutt
Utsjekk

 

Bakgrunn:

I mars vart fylkesbiblioteket ferdige med turneen der vi har besøkt og hatt møte med alle folkebiblioteka i fylket som del av prosjektet «Saman for framtida». Som oppfølging og vidareføring, har vi no invitert alle biblioteka på ei todagars-samling i Balestrand i april.

Tysdag 16. og onsdag 17. april ser vi fram til eit opphald på Kviknes hotell der vi saman skal jobbe for å kome nærare moglege samarbeidsprosjekt i biblioteka. Vi har engasjert Eli-Grete Høyvik til å leie oss gjennom kreative og praktisk retta arbeidsøkter desse dagane.

I tillegg har vi invitert tre bibliotek som vil fortelje om sine samarbeidsprosjekt. Desse er Meland bibliotek om «På veg mot praksisfellesskap!», Lom folkebibliotek som er kåra til årets bibliotek for m.a. samarbeid med andre bibliotek, og Nord-Trøndelag fylkesbibliotek om «Litteraturhus Nord-Trøndelag» som er kåra til årets bibliotekprosjekt av Bok og bibliotek.

Gjennom å arrangere ei todagars-samling ønskjer vi å leggje grunnlaget for at biblioteka skal kunne kome i gong med samarbeid gjennom å:

  • Auke kompetansen innan samarbeidsdrive prosjektarbeid
  • Utveksle idear/få input på mulege samarbeid
  • Finne fram til felles målsetnader som biblioteka ønskjer strekkje seg etter

 

Seminaret er gratis for alle deltakarar og fylkesbiblioteket vil også dekkje opphald og beverting for inntil to deltakarar per kommune. Biblioteka dekkjer sjølv reisekostnad og eventuelle kostnader ved vikarbehov.

Vi trur dette vert ei svært innhaldsrik og nyttig samling som forhåpentlegvis vil resultere i fleire konkrete samarbeidsprosjekt mellom biblioteka. Fylkesbiblioteket har som mål å følgje opp nokre utvalde samarbeid ekstra tett – meir om dette på samlinga!

 

OBS! Det vert naturleg nok ikkje bibliotekdagar før til hausten.