Den ferdige manualen er lagt ved nedanfor. Du finn både manualen og meir informasjon om prosjektet på følgjande adresse: http://crewinorge.org/
Frå nettsida kan vi lese: "Manualen prøver å legge til rette for kassering i en hverdag som i det enkelte bibliotek er preget av for liten tid, for lite plass og for små budsjetter. CREW forsøker å gjøre prosessen med å opprettholde oppdaterte og aktuelle samlinger så enkel som mulig."

Bakgrunnen for arbeidet med manualen kom til i det "Buskerudsgeriljaen" var ute på kasseringstokt i fleire bibliotek og sjølv var på jakt etter praktiske retningslinjer for kassering. Det er Texas State Library and Archives Commission som har utvikla CREW metoden som i meir enn 30 år har bidrege til å rettleie små og store bibliotek i korleis luke ut forelda og anna materiale frå eiga samling.

Oppmodinga frå både oss og Buskerud fylkesbibliotek er klar: Kassering er ein kontinuerleg prosess som må inn som rutine i den daglege drifta. Finn hjelp i manualen til kassering og samlingsutvikling i ditt bibliotek!