Vi veit jo at det ikkje er noko kjekt å leite fram til bøker i overfylte hyller der ein nærast må bruke brekkjern for å få ut ei bok, og at det heller ikkje er særleg tiltalande med overfylte hyller! Likevel så kvir vi oss til å kvitte oss med bøker. Går du og gruar deg til eit skippertak og ikkje anar i kva ende du skal ta fatt? Jannicke Røgler heldt dagskurs i samlingsutvikling i Ålesund i april, og har lagt ut presentasjonen frå kurset på nett. Her er mykje nyttig om kassering og teknikkar som kan hjelpe i den vanskelege kasseringsjobben. Sjå presentasjonen nedanfor. Røgler har også ein eigen blogg der ho skriv om mykje aktuelt og meir om kassering, vel verdt ein kikk. [slideshare id=3816102&doc=kursisamlingsutvikling-100422070542-phpapp01]