Anne Sagen skriv: Å kassere er for dei fleste noko av eit ork. Vi gruer oss og er usikker på kva vi kan eller må kassere. Men eg må tilstå etter å ha dreve med dette i mange år, er eg blitt ein glad kasserar. Kvifor? Fordi det er så vidunderleg og tilfredsstillande å sjå korleis boksamlinga får eit nytt ansikt. Plutseleg får ein til å vise fram godbitane på hylla, ein kan rett og slett vise fram bøker på ledige plassar i hylla. Lånarane kommenterar ofte kor mykje nye bøker vi har fått og la berre lånarane få tru det. Har du høyrt om Sandefjord bibliotek som kasserte og auka utlånet? Sjå her: http://plinius.wordpress.com/2008/01/29/p-2408/#more-1406