"Fossum skriver om det oppløste som lurer bak det såkalt normale, om synkoperte reaksjoner som fører til fatale handlinger", heiter det om forfattarskapen til ho vi no kanskje kan kalla krimdronninga her på berget.

Jernvognen med Sven Elvestad og Hvit som snø av Jon Michelet kjem på andre -og tredjeplass i tevlinga. Det er ein jury på ni fagpersonar som har kåra dei 25 beste kriminalromanene i landet.

Les om Fossum og sjå heile lista over dei 25 bøkene her: http://www.dagbladet.no/2009/07/27/kultur/litteratur/krim/krimk/krimkaring/7374254/

Dagbladet har på same tid oppmoda lesarane til å røyste på den beste kriminalromanen utgitt av ein nordmann, og vi kan trygt slå fast at Jo Nesbø er favoritten til publikum. Seks av dei åtte øvste plasseringane er kapra av Nesbø, og Snømannen frå 2007 er aller best likt.

Nesbø kjem med ny roman i haust, melder bransjebladet Bok og Samfunn.

Om kåringa til lesarane:
http://www.dagbladet.no/2009/07/27/kultur/litteratur/krim/krimlitteratur/krimromaner/7375057/

Er du einig i desse kåringane? Kommenter gjerne i feltet nedanfor.