Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bokkafe for vaksne på Sogndal bibliotek

Dette vert siste bokkafeen før jul. Vi ønskjer alle velkomne til ein time med prat om bøker og forfattarar. Det vert servert kaffe/te med noko attåt.

Møt ordførar Jarle Aarvoll i biblioteket

Over ein kaffekopp i biblioteksofaen kan alle som ønskjer å treffa Jarle Aarvoll til ein uformell prat, stikka innom Sogndal bibliotek.

Vi trur at terskelen for å gå til kommunehuset for å treffa ordføraren, er høgare enn å gå til biblioteket i same ærend. Mange er vane med å bruka biblioteket som ein møtestad. Jarle Aarvoll håpar spesielt på at ungdomar vil nytta sjansen til å koma innom biblioteket for å snakka om saker dei er opptekne av, men alle er velkomne.