Turnéen er kome i stand etter initiativ frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek som sende ut invitasjon til biblioteka i fylket om å tilby kabareten. Norsk kulturråd, Folkeakademiet Sogn og Fjordane og Den kulturelle spaserstokken støttar arrangementet.

Kabareten er open for alle, her er førestillinga sett opp: 

Luster bibliotek måndag 3.oktober kl. 19.00

Aurland folkebibliotek tysdag 4.oktober kl. 19.00

Vik folkebibliotek onsdag 5. oktober kl. 19.00

Sogndal bibliotek torsdag 6.oktober kl. 19.30

Bygstad samfunnshus laurdag 8.oktober kl. 13.00

Kabareten inneheld tekstar og dikt av Sigrid Undset som Kinsarvik har sett melodi til og framfører saman med musikar Øystein Johnsen. Møt den unge Sigrid Undset frå ho kjem til verda fram til i 1907 då hennar fyrste roman Fru Marta Oulie kom ut. Vi føl ei aktiv og oppvakt jente og ung kvinne som må kjempe for seg sjølv, si mor og sine søstrer etter at faren døyr då ho berre er 11 år.

Førestillinga har hausta ros og anerkjenning blant eit begeistra publikum, og har vore vist under Norsk Litteraturfestival og på mange kulturhus og teater rundt om i Noreg.