Rogaland fylkesbibliotek har meldt at dei ikkje kan tilby den årlege presentasjonen av kulturfondbøker lenger. I staden får vi i år besøk av Rita Mundal og Merete Byrøygard frå Lom folkebibliotek, og forfattar og litteraturformidlar Linn T. Sunne ved Oppland fylkesbibliotek. Dei tre kjem for å presentere bøker for vaksne og skal i hovudsak formidle norske skjønnlitterære debutantar og sakprosa-utgjevingar frå 2014. Lom folkebibliotek har fått prosjektstøtte frå Fritt ord til å formidle norske samtidsromanar.

Meld deg på presentasjonen av nye bøker for vaksne 23. mars

Bindande påmelding innan 6. mars

Ved spørsmål ta kontakt med Robert Haugen, robert.haugen@sfj.no, tlf. 57 63 79 59.