Det vert også i haust presentasjon av biletbøker, barnebøker og ungdomsbøker som er utgitt det siste året. Dette er eit fint høve til å hente tips og inspirasjon om enkelttitlar og om forfattarar, til ulike lesarar og til forskjellige føremål. Målgruppa er tilsette i bibliotek, lærarar, personale ved barnehagar.

Program:

Kl. 09:30 Registrering, kaffi/te og ein matbit.
Kl. 10:00 Presentasjon av biletbøker ved Heidi Sævareid, omsetjar, kritikar, språkkonsulent og journalist.
Pause
Kl. 11:30 Presentasjon av barnebøker ved Linn Sunne, forfattar og litteraturformidlar.
Kl. 12:30 Lunsj.
Kl. 13:30 Presentasjon av ungdomsbøker ved Beate Ranheim, konsulent ved Buskerud fylkesbibliotek.
Kl. 15:00 Slutt

Deltakaravgift kr. 600.- inkl. litteraturlister, lunsj, kake, kaffi/te. Ein kan òg melde seg på berre delar av programmet. Då er prisen kr. 200,- per foredrag, og kr. 150,- for evt. lunsj.

Heidi Sævareid er kritikar i kunsttidsskriftet Numer, avisen Vårt Land og på Barnebokkritikk.no, kor ho tidlegare har vore redaktør. Ho har også vore redaktør for barne- og ungdomslitteratur i Cappelen Damm, og har jobbea som norsklærar på ungdomsskole og videregående. I dag jobbar Heidi frilans som omsetjar, kritikar, språkkonsulent og journalist.

Linn T. Sunne arbeider ved Oppland fylkesbibliotek som litteraturformidlar. Vanligvis køyrer ho rundt med Bokbussen i Oppland og pushar barne- og ungdomsbøker. Linn er lærar, kritikar og forfattar. Ho har skrive tretten skjønnlitterære bøker for barn og unge, og er også medforfattar av norskverk for barnetrinnet. Ho har turnert for Den kulturelle skulesekken og halde skrivekurs for barn og ungdom. Linn har fem barn, få fritidsproblem og ein god del støv i krokane.

Beate Ranheim er konsulent ved Buskerud fylkesbibliotek og jobbar blant anna med formidling av bøker, film, teikneseriar og dataspel til unge menneske. Ho er ei av dei seks formidlarane som årleg arrangerar Ungdomsbokgilde i Drammen.