Torsdag 4. november vert det presentasjon av ungdomsbøker, barnebøker og biletbøker som er utgitt det siste året. Dette er eit fint høve til å hente tips og inspirasjon om enkelttitlar og forfattarar, til ulike lesarar og til forskjellige føremål. Tilsette i bibliotek, lærarar, personale ved barnehagar og tilsette ved bokhandlarar vert oppfordra til å delta på samlinga

Her er programmet:
Kl. 09:30 Registrering, kaffi/te og ein matbit.
Kl. 10:00 Presentasjon av Ungdomsbøker ved Marit Hallen, bibliotekar
Kl. 11:15 Pause
Kl. 11:30 Presentasjon av Barnebøker ved Linn Sunne, forfattar og litteraturformidlar
Kl. 12:30 Lunsj
Kl. 13:30 Presentasjon av biletbøker ved Randi Hobøl
Kl. 15:00 Slutt

Deltakaravgift kr. 600.- inkl. litteraturlister, lunsj, kake, kaffi/te. Ein kan òg melde seg på berre delar av programmet.

 

Presentasjon av føredragshaldarane:

Barnebøker: Linn T. Sunne er forfattar, lærar og bokmeldar. Ho er for tida i permisjon frå jobben som litteraturformidlar på Oppland fylkeskommunes bokbuss. Linn har turnert for den kulturelle skolesekken, og ho har kursa både barn (mest om skriving) og vaksne (mest om bøker for barn). Ho har skrive ti skjønnlitterære bøker for barn og unge, og er også lærebokforfattar. No for tida les Linn mykje, skriv litt, studerar bittelitt og bakar ein god del.

Biletbøker: Randi Hobøl arbeidar med illustrasjon, teikning og kulturformidling og har gjort ei rekkje oppdrag relatert til barn og litteratur. Ho er tilsett som studieleiar i Illustrasjon ved Norges Kreative Fagskole. Randi Hobøl er også engasjert i fagpolitisk arbeid gjennom GRAFILL (den norske interesseorganisasjonen for visuell kommunikasjon) og ho var ein av redaktørane for boka ”Norwegian Illustrators No 03” som kom ut i 2010. 

Ungdomsbøker: Marit Hallen jobbar som frilans forteljar, litteraturformidlar og kurshaldar. I tillegg er ho deltids ungdomsbibliotekar på Deichmanske biliotek, Torshov filial. Ho har lang erfaring i å formidle til, fortelle for og på andre måtar jobbe med ungdom. Aller best trivs ho når ho kan vere med på å få ungdom sjølv til å fortelle. Marit er med i Fortellerensembelet FabelAkt, sit i driftstyret i Fortellerscenen, og i Fortellerfestivalens programkomite. Det er fjerde gang ho presenterar ungdomsbøker på Ibby, Norsk barnebokforum sitt haustkurs.