Ynskjer du oversikt over kva for biletbøker, barnebøker og ungdomsbøker som er komen ut i løpet av 2009? Treng du tips om enkelttitlar og forfattarar til ulike brukargrupper og forskjellige formål? Kan du tenkje deg ei innføring i trender i barne -og ungdomslitteraturen frå det siste året?

Desse spørsmåla kan du få svar på i det årlege kurset om barne-og ungdomsbøker i regi av IBBY Norge. Tre litteraturformidlarar kjem til Førde og fortel om litteraturen for barn og ungdom utgitt i 2009.

Program
Kl 09.30 - Registrering, kaffi/te og ein matbit.
Kl 10.00 -  Biletbøker v/ Ola A. Hegdal, litteraturvitar og meldar i Dagens Næringsliv. Formidla bøker for ungdom på førre IBBY-turne. 
Kl 11.15 - Pause
Kl 11.30 -  Barnebøker v/ Anne Aagaard, barnebibliotekar ved Askim bibliotek.
Kl 12.30 - Lunsj. 
Kl 13.30 - Ungdomsbøker v/ Marit Hallen, bibliotekar.
Kl 15.00 Slutt 

Målgruppe: Tilsette ved bibliotek, lærarar, personale i barnehagar.

Deltakaravgift: kr. 600, - inkludert litteraturlister, lunsj, kaffi/te.
Dei som berre ynskjer å følgje delar av dagen betalar kr. 200,- pr førelesing, dersom ein også ynskjer lunsj blir det kr 150,- i tillegg.