Program og påmelding

Torsdag 13. november er det klart for den årlege presentasjonen av barne- og ungdomslitteratur. Dei dyktige damene frå IBBY Norge fortel ærleg om årets biletbøker, barnebøker og ungdomsbøker. I år vert det også gjennomgang av faktabøker!

IBBY-presentasjonen gir konkrete tips og inspirasjon til bøker som høver anten det er til høgtlesingsstund eller til sjølvstendig lesing, bøker tilpassa ulike lesarar og lesenivå, og til innkjøp til boksamlinga.

Foredraga høver spesielt godt for bibliotektilsette, lærarar og barnehagepersonale som treng forslag til gode bøker.
Ein kan delta på alle presentasjonane, eller velje ut det som passar. 

09.30     Frammøte og registrering  (Vi gjer merksam på at det ikkje vert mat ved ankomst)   
09.55     Velkomen   
10.00     Presentasjon av biletbøker   
11.00     Pause med frukt   
11.15     Presentasjon av barnebøker   
12.15     Lunsj (Påsmurt og kaffi/te)   
12.45     Presentasjon av faktabøker for barn og ungdom   
13.45     Pause   
14.00     Presentasjon av ungdomsbøker   
15.00     Slutt

 

NYTT! Dagen før IBBY vert det arrangert Barnelitterær formidlingsfest og Litterær salong i Førde! Nynorskbyen feirar den nynorske barne- og ungdomslitteraturen med ein eigen festdag den 12. november! 

Forfattar Bjørn Sortland, professor Øystein Vangsnes og mangeårig medlem av kulturdepartementet sin jury for barnebokprisar, Anne-Stefi Teigland, er mellom dei mange føredragshaldarane på seminaret. 

På kveldstid inviterer vi til Litterær salong! Finn Tokvam har i sitt nyetablerte talkshow ”Folk & Finn” mellom anna Ragnar Hovland som gjest! Sjå nærare omtale og meld deg på her!

 

Her kan du sjå programmet og melde deg på IBBY sin barne- og ungdomsbokpresentasjon!

foto i love reading by librarian in black cc by  2. 0 lisens
Foto I love reading by Librarian In Black CC by 2.0 lisens