Presentasjonen høver spesielt for bibliotektilsette, lærarar og barnehagepersonale.

Gjer deg klar til årets presentasjon av biletbøker, barnebøker og ungdomsbøker som er utgitt det siste året. Dette er eit fint høve til å hente tips og inspirasjon om enkelttitlar og om forfattarar, til ulike lesarar og til forskjellige føremål.

Program:
Kl. 09:30 Registrering, kaffi/te og ein matbit
Kl. 10:00 Presentasjon av biletbøker ved  Line Halsnes
Pause
Kl. 11:30 Presentasjon av barnebøker ved Ragnhild Madsen
Kl. 12:30 Lunsj
Kl. 13:30 Presentasjon av ungdomsbøker ved Nina Aalstad
Kl. 15:00 Slutt

Deltakaravgift kr. 600.- inkl. litteraturlister, lunsj, kake, kaffi/te. Ein kan òg melde seg på berre delar av programmet. Då er prisen kr. 200,- per foredrag, og kr. 150,- for evt. lunsj.

 

Biletbøker: Line Halsnes er illustratør og ein del av arbeidsfellesskapet Kobolt Design i Oslo. Våren 2012 debuterte ho som forfattar med biletboka  "Stakkars lille hjerte" på Cappelen Damm forlag. Ho har tidlegare arbeidserfaring frå bokhandel, og er utdanna lærar i media og kommunikasjon.

Barnebøker: Ragnhild Madsen er rådgivar innan barne- og ungdomslitteratur ved Skedsmo bibliotek og formidlar bøker på inn- og utpust. Ho har tidlegare turnert med IBBY i 2005 - 2006, er aktiv formidlar for skulane i Skedsmo og har skrive fleire forfatterhefter for Biblioteksentralen.

Ungdomsbøker: Nina Aalstad er redaktør for Barnebokkritikk og har i tillegg starta opp og driv Ubok, eit eige nettsamfunn om bøker for ungdom.

 ---

NB: boklistene finn de her. Skriv ut og ta med på kurset.

Vel møtt!