Det kjem stadig nye bøker, sakprosa og skjønnlitteratur, om nasjonale og internasjonale tilhøve som hentar handling frå krigen som slutta for 64 år sidan. I tillegg har dei siste åra også bydd på nokre titlar om fyrste verdskrigen.

Sjå her kva Dagbladet skriv: http://www.dagbladet.no/tekstarkiv/artikkel.php?id=5001080096825&tag=item&words=wandrup

Nedanfor er nokre titlar (ikkje berre nye) som kan høve i biblioteka. Sjølv om fleire av titlane kanskje er kjøpte inn og kjente kan det vere tips å hente.

I fjor haust kom journalist og forfattar Bjørn Westlie ut med sakprosa-boka Fars krig. Den er blitt omtala som ei av dei viktigaste norske bøkene utgitt i 2008 (Jakob Lothe i Morgenbladet). Westlie skriv om far sin som verva seg til tysk krigsinnsats under andre verdskrigen og som var med på invasjonen av Sovjetunionen.

Bjørn Westlie, tidlegare medlem av AKP-ml, skriv reflektert og innsiktsfullt om korleis vala til faren har påverka han, og forfattaren får fram på ein nøktern måte korleis dei to etter kvart nærma seg kvarandre etter mange år utan noko kontakt i det heile. Ei viktig bok.

De velvillige er tittelen på ein roman av amerikanaren Jonathan Littell. Boka er omtalt, mellom anna av hovudmeldar Ane Farsethås i Dagens Næringsliv, som ein av dei mest sentrale utgjevinga i fjor.

Hovudpersonen i romanen er ein offiser i Waffen SS - vi får altså tilgang til eit uvanleg perspektiv: krigen sine grufulle redsler og gjerningar frå ein kant vi kanskje ikkje i fiksjonen si form har møtt før.

Forfattaren nyttar verkelege personar og hendingar i boka, men hovudpersonen er oppdikta. Teksten er denne personen sine erindringar frå deltakinga i krigen i aust til kapitulasjonen i 1945 og litt av livet etter krigen.

Bøkene til den engelske krigshistorikaren Antony Beevor er truleg kjente - spesielt titlane Stalingrad og Berlin : nederlaget 1945 (mindre etterspurt er utgjevingar på norsk om borgarkrigen i Spania, Kreta under andre verdskrigen).

Ei anna bok med likskap i nemnte emne er Armageddon : kampen om Tyskland 1944-45 av Max Hastings som kom i 2008. Denne skrivaren har ikkje lese boka til Hastings, men truleg kan den vere eit supplement til Beevor eller utfylle samlinga om dette emnet.

To andre titlar i same kategori er Hitler av Ian Kershaw, ein biografi verdt å ha i hyllene og Liv og skjebne av Victor Grossman, russisk krigskorrespondent som har skrive gripande skildringar av tilhøva ved fronten i aust 1940-45.

Det er færre bøker og mindre interesse om første verdskrigen 1914-1918, men vi har naturlegvis klassikaren Intet nytt fra Vestfronten. I 2007 kom romanen Fuglesang av Sebastian Faulks på norsk (først utgitt på engelsk på 1990-talet). Den har plott i seg frå første verdskrigen, og i følgje sitata frå engelske meldingar av boka attgjeve i boka er romanen særs god.

Filmen om Max Manus har (igjen) auka nyfikna om erindringsbøker frå andre verdskrigen - spesielt bøker av og om dei som var aktive i motstandsrørsla og dei som var fangar i fengsla og leirane til nazistane.

Takk for livet, Emil av Osmund Faremo, utgjeven på Det Norske Samlaget i 1987, er ei av desse og absolutt å tilrå. Velkjente og godt lesne er vel bøkene av Gunnar Sønsteby, nemnte Manus, Trygve Bratteli med Fange i natt og tåke, bøkene til Kristian Ottosen - utvalet er stort og sikkert godt kjent. Av utanlandske forfattarar kan ein spesielt nemne Hvis dette er et menneske av Primo Levi.

Ei nyare utgjeving er den norske antologien Tidsvitner : fortellinger fra Auschwitz og Sachsenhausen frå 2006 (finnast også som lydbok) - overlevande fortel her om dei rystande opplevingane sine i fangenskap.

Ei endå nyare bok (2009) med relasjon til andre verdskrigen er De gikk ikke fri : kvinnene som elsket okkupasjonsmaktens soldater av Ebba D. Drolshagen. Boka får god omtale i Dagbladet. Temaet i denne boka kan slekte på den svært så etterspurde boka til Edvard Hoem: Mors og fars historie.

Adjutanten (2008 på Samlaget) av Jørgen Norheim, med handling frå Sognefjorden, er også innom krigen. To romanar frå 2008 med meir direkte handling frå andre verdskrigen er Himmelarkivet av Gaute Heivoll (bygd på ei sann historie frå Kristiansand) og Eit vintereventyr av Jan Roar Leikvoll (på nynorsk).

Underteikna har nemnt filmen om Max Manus - der går vel ikkje så altfor lenge før den er å få i dvd-format. Ein etter mitt syn betre film med samme tema er Flammen og Citronen frå Danmark. Den handlar om to spesielle aktørar i motstandsrørsla i nabolandet i sør.

I det heile påverkar filmatiseringar av bøker etterspurnaden i biblioteka av titlane - noko de sjølvsagt kjenner til. Døme er Den siste revejakta av Ingvar Ambjørsen frå i fjor, lenger attende i tid kan nemnast Tatt av kvinnen av Erlend Loe.

Lenkjer til stoff relatert til verdskrigane:  
Artikkel i tidsskriftet Prosa der fem utgjevingar relatert til andre verdskrigen er omtalt. Kanskje innkjøpstips: http://prosa.no/artikkel.asp?ID=314

Filmar om andre verdskrigen nemnt i Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Filmer_om_2._verdenskrig