Ein kan òg nytte høvet til å slå av ein prat med andre som har tatt turen for å lytte til spenannde bok- og forfattarpratar. Sjølv er eg spent på å høyre Hans Olav Lahlum på opningskvelden i morgon, torsdag.

Krimfesten byr også på andre spennande krimdrypp, blant anna er det krimquiz på Pikant i kveld kl. 21. Det er også duka for debatt med blant anna Håkon Haugsbø i panelet, der Miljøkatastofen i Sløvåg er tema. Også kjem vi ikkje utanom å nemne det artige teaterkonseptet "Mord og Middag" på Førde Quality Hotell laurdagskveld.

Gå ikkje glipp av flotte arrangement denne helga under årets Krimfest! Sjå heile programmet for Krimfest i Sunnfjord.