Læringsdagane 2010 er 25.-31. oktober med temaet lesing. Biblioteka er oppfordra til å ha ei sentral rolle under læringsdagane. Har de planar om eller ønskjer å få til eit arrangement med fokus på lesekompetanse, leseglede og leselyst denne veka, under vignetten “Lesing åpner nye verdener”, har de endå tid til å søkje midlar.

Dette er andre runde med utlysing av midlar til Læringsdagane, i første runde var det ingen frå Sogn og Fjordane som fekk bidrag av dei 138.500 kronene. No i andre runde er det 131.500 i potten til fordeling på lokale og regionale arrangørar. Sjå kva prosjekt og kven som har fått midlar i første runde her.

Søknad med skildring av type arrangement, arrangørar, tid, stad og oversikt over forventa kostnadar og tilskot skal sendast til VOFO, postboks 9339 Grønland, 0135 Oslo eller til marit.moland(at)vofo.no. Ver obs på at biblioteka bør søkje samarbeid med lokale aktørar på voksenopplæringsfeltet.

Siste frist for søknad er 1.september 2010. Svar på søknad vil kome ca. 15.september.