Tilsette i Høyanger Rådhus og Hydro Høyanger verk vil i laupet av hausten få ei annleis lunsjoppleving med forfattarbesøk, presentasjon av biblioteket, og tilbod om arbeidsplassdepot og bokprat. I tillegg vil det heile bli dokumentert med foto og film!

Nasjonalbiblioteket har i juli 2012 løyvd 1.9 millionar til Den kulturelle nistepakka fordelt på 24 prosjekt.  Les meir om tildelinga og sjå kva prosjekt som har fått støtte.

Kulturdepartementet har etablert ei ny ordning for kulturformidling, Den kulturelle nistepakka, som oppfølging av Meld. St. 10 (2011-2012) Kultur, inkludering og deltaking. Målet er å legge til rette for at fleire får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod gjennom arbeidsplassen eller på andre arenaer i kvardagen.