Våren 2015 samarbeider fylkesbiblioteket, Aldateateret og Sogn og Fjordane Teater med folkebiblioteka om vise teaterframsyninga «Herr Kurz og damene» rundt om i fylket.

Framsyninga

Teateroppsettinga «Herr Kurz og damene» er eit drama med utspring i historia om den tyske kunstmålaren og forfattaren Karl Friedrich Kurz som budde i Vårdal i Askvoll i perioden 1924 til 1950.

Sjølv om han var lite kjend i Noreg, var han var ein anerkjend og svært populær forfattar i det tyske språkområdet på 1930-talet. Han skreiv totalt 31 bøker, og ei rekkje av desse var prega av inntrykka frå det norske landsskapet og bygdemiljøet. Boka Herskap ved fjorden er einaste bok omsett til norsk (Skald, 2002).

«Herr Kurz og damene» er historia om Herr Kurz og om forholdet til kvinnene i livet hans. Familielivet og hans forhold til damer var omgitt av mystikk i eit hus bak høge tre, piggrådgjerde og med vakthund. Kurz forlét familien sin på dramatisk vis og budde mot slutten av sitt liv på Nessjøen på Sotra, der han døydde i 1962.

Rolf Losnegård har skrive manus til teaterstykket, som hadde première våren 2014. Kyrre Eikås Ottersen spelar Herr Kurz, og Idun Losnegård spelar alle kvinnerollene i stykket.

Artikkel om stykket og teatermeldig: "Til å få gåsehud av".

Bakgrunn for turnéen

Turnéen til biblioteka i Sogn og Fjordane våren 2015 er eit prosjekt i regi av Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, gjennomført med midlar frå Nasjonalbiblioteket. Aldateateret står saman med fylkesbiblioteket og dei lokale biblioteka for organisering og gjennomføring.

Då biblioteklova vart revidert i 2014, vart det presisert at biblioteka skal vere aktive formidlarar, og møteplass og arena for debatt. Det krev auka kompetanse som arrangør, og teaterturnéen vil gje verdifull kunnskap som biblioteka kan ta med vidare. Som del av satsinga har dei deltakande biblioteka vore på seminar for å lære meir om arrangementsutvikling, og gjennom samarbeid med teatera får folkebiblioteka vidareutvikla eigen formidlingskompetanse og lære korleis ein kan synleggjere biblioteket som arrangør.

 

Speleplan

Laurdag 11. april, kl. 14.00
Gaupne, Pyramiden kafé. Lokal arrangør: Luster bibliotek

Måndag 13. april, teaterlunsj kl. 12.30, framsyning kl. 13.15. Teaterlunsj er inkludert i billetten
Årdal kulturhus, teatersalen. Lokal arrangør: Årdal bibliotek

Tysdag 14. april, kl. 19.00
Sogndal, Blaoboksen, Kulturhuset. Lokal arrangør: Sogndal bibliotek

Onsdag 15. april, kl. 19.30
Vik folkebibliotek

Torsdag 16. april, kl. 19.30
Hyllestad kommunehus, kommunestyresalen. Lokal arrangør: Hyllestad folkebibliotek

Søndag 19. april, kl. 20.00
Jølstramuséet. Lokal arrangør: Jølster bibliotek

Måndag 20. april, kl. 19.00
Vadheim bibliotek

Tysdag 21. april, kl. 20.00, tapas frå 19.30
Gaular folkebibliotek, Sande

Onsdag 22. april, kl. 20.00
Nordfjordeid, Blackbox - Gymmen Scene. Lokal arrangør: Eid bibliotek

Torsdag 23. april, kl. 19.00
Stryn bibliotek

Fredag 24. april, kl. 20.00 (Båt frå Hardbakke kl. 19.00)
Lågøy, Solund. Lokal arrangør: Solund bibliotek

Tysdag 28. april, kl. 19.30
Førde bibliotek

Onsdag 29. april, kl. 19.30
Flora samfunnshus, møtesalen. Lokal arrangør: Flora folkebibliotek

Torsdag 30. april, kl. 19.00
Straumsnes grendahus. Lokal arrangør: Fjaler folkebibliotek

Tysdag 12. mai, kl. 19.00
Ciderhuset, Balestrand. Lokal arrangør: Balestrand folkebibliotek

 
Billettar à kr. 100 kan kjøpast på biblioteket, ev. annan lokalt billettutsal. 

Kontakt det lokale biblioteket om du lurer på noko praktisk rundt ei spesifikk framsyning.

[Bileta som ligg her får ein opp i stort format om ein klikkar på dei. Kan fritt brukast i omtale og marknadsføring av framsyningane mot kreditering av fotograf.]

Manus: Rolf Losnegård.
Regi og scenografi: Jeff Pedersen.
Koreografi: Gareth Taylor.
Medverkande: Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen.
Foto: David Zadig.
Produksjon: Aldateateret, prod.kons.: Ingrid Hansen

Urpremiere 10. mai 2014.
Takk til Unni Ramberg, Kurz sitt barnebarn, for opplysningar og innspel.
Takk til Sogn og Fjordane Teater for samarbeid og utlån av kostymer og teknisk utstyr og annan støtte.
Framsyninga er produsert med støtte av Fritt Ord og Fond for utøvende kunstnere. 

(Foto: David Zadig)
(Foto: David Zadig)
(Foto: David Zadig)
(Foto: David Zadig)
(Foto: David Zadig)
(Foto: David Zadig)