Våren 2015 tilbyr fylkesbiblioteket, i samarbeid med Aldateateret og Sogn og Fjordane Teater, teaterframsyninga «Herr Kurz og damene» til folkebiblioteka i fylket.

Teaterstykket handlar om forfattaren og kunstmålaren Karl Friedrich Kurz, som budde i Askvoll det meste av sitt vaksne liv. Kurz skreiv ei rekkje bøker og var ein anerkjend og svært populær forfattar i det tyske språkområdet. Bøkene hans er ofte prega av inntrykka frå den norske landskapet og bygdemiljøet. Rolf Losnegård og Heidi Helle har omsett éi av bøkene hans til norsk, Herskap ved fjorden (Skald, 2002). Losnegård har òg skrive manus til teaterstykket, som hadde première våren 2014. Skodespelarane  Kyrre Eikås Ottesen og Idun Losnegård spelar alle rollene i stykket.

Prosjektet «Herr Kurz i biblioteket – teater-og biblioteksamarbeid i Sogn og Fjordane» har som mål at dei deltakande biblioteka skal vidareutvikle seg som profesjonelle formidlarar og arrangørar for i større grad å kunne møte forventningane i revidert biblioteklov. Bibliotekutvikling er altså eit sentralt mål, og det vert difor lagt opp til at biblioteka deltek i eit førebuande seminar og eit evalueringsmøte når turnéen er avslutta. Gjennom prosjektet ynskjer vi òg at biblioteka løftar fram lokale forfattarskap og nettressursar som bokhylla.no, Samsøk og Fjognedok, gjennom utstilling, presentasjon på heimesida eller på annan måte.

Det vil vere rom for å spele stykket i 15 bibliotek, og fylkesbiblioteket fordeler etter prinsippet først til mølla, men med atterhald om at speleplanen må vere praktisk gjennomførleg. Turnéen vil gå i vekene 16, 17 og 18. Førebuingsseminaret vert 3. mars i Førde.

Prosjektet er støtta med utviklingsmidlar frå Nasjonalbiblioteket.