Lesegledar fordi

Eg har vore med å lage fleire kampanjar for nynorsk i barnehagane, med artige slagord som: ”Den fyrste song eg høyre fekk, var Hit me baby one more time!” og ”Gjennom ord blir verda stor”. I dette arbeidet har eg blitt klar over kor viktig nynorsk lesing og nynorsk litteratur er for at borna som veks opp med nynorsk hovudmål skal verte både trygge og gode nynorskbrukarar: Så trygge at dei held fast med nynorsken, sjølv i alle dei situasjonane der dei vil oppdage at dei er i eit mindretal.

Eg les gjerne

Eg likar biletbøker og forteljingar, og det finst mange gode faktabøker som er tilpassa born opp til 10 år.

Målgruppe

Eg vil først og fremst lese for vaksne. Om vi skal nå ut med meir lesing, treng vi at alle dei vaksne rundt ungane blir klar over og glad i all den nynorsk barne- og ungdomslitteraturen som finst i dag. Det er dei vaksne som kan forandre verda rundt ungane. Inviter meg gjerne til foreldremøte eller andre stader der vaksne er samla.hege_lothe-1024.jpg

Område

Heile Nordfjord, Jølster, Førde, Flora, Naustdal, Sogndal, Luster, Vik, Balestrand og Leikanger.

Bakgrunn

Eg er cand.mag. frå Universitetet i Bergen, med geografi, sosiologi og samanliknande politikk i fagkrinsen. I tillegg tok eg faget «Folkekultur og massekultur».

Yrke: Eg er tilsett i Noregs Mållag som informasjon- og organisasjonskonsulent. Lesegledar frå hausten 2015.

Anna

Eg er oppteken av å formidle dei nynorske barnebøkene. Det er viktig for meg.

Bestill lesegledar!

 

< førre | neste >