Med Haakon Nyhuus-seminaret 2018 ønskjer Nasjonalbiblioteket saman med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek å synleggjere samarbeid mellom folkebibliotek og skule. Ulike utviklingsprosjekt vil verte presenterte for å dele kunnskap og erfaringar frå prosessar og for å vise kva utfordringar og moglegheiter som finst. Lesing står sentralt, og erfaringskonferansen vil slik også vere ei førebuing til Bokåret 2019.

Elise Seip Tønnessen, professor ved Universitetet i Agder, er invitert til å halde hovudforedraget om lesing og møte med barnelitteraturen.

Møteleiar: Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef Sogn og Fjordane

Her kan du sjå opptak av seminaret

Program:

09.00-10.00: Registrering og kaffi/te

10.00-10.15: Velkomen ved Aslak Sira Myhre, direktør Nasjonalbiblioteket

10:15-11.00: Møte med barnelitteraturen: å skape gode leseopplevelser i bibliotek og skole. Elise Seip Tønnessen, professor, Universitetet i Agder

11.00-11.30: Sommerles. Pernilla Slotte Hjermann, rådgjevar, Vestfold fylkesbibliotek og Lidun Hareid, forskar ved Møreforskning, Molde

11.30-12.15: Lunsj i Slottsbiblioteket

12.15- 12.45: Samhandlingsmodeller for kombibibliotek. Mari Eeg, bibliotekleiar, Rygge bibliotek og Elisabeth Dyhre, rektor ved Rygge ungdomsskole

12.45-13.15: Bedre bibliotek til barn og unge. Paul Henrik Kielland, biblioteksjef, Tromsø bibliotek

13.15-13.45: Spør en smarting. Mette Westgaard, biblioteksjef, Ringsaker bibliotek og prosjektleiar Linda Brandal

13.45-14.00: Pause

14.00-14.30: Lesarhistoria – ny veg til lesaren. Bente Lund, rådgjevar, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek

14.30-15.00: Læringsglede og innovasjon. Marit Fidje, fagleiar, Aust-Agder bibliotek og kulturformidling

15.00-15.30: Barnebokbad. Hege Gjerdbakken, barnebibliotekar, Lillehammer bibliotek og samarbeidspartnarar Pål Brekke Indregard og Vilde Kamfjord

15.30: Avslutning