Eg har alltid vore glad i å lese. Mor mi las bøker høgt for meg, då eg var lita, og dette er gode minner frå barndommen. I skulen kom endringa for meg då ein lærar sa, at ein absolutt ikkje trengte å lese ferdig ei bok ein ikkje likte, men heller finne ei ny. Då opna bokverda seg for meg.

Som mor sjølv til fem gutar har eg vore opptatt å gi denne leseopplevinga vidare til mine barn, men både som mor og utdanna lærar kan det vere utfordrande å få særleg gutar til å sluke bøker. Altså lyt vi stå på og formidle god litteratur, for å vise dei, at gjennom bøker kan dei forsvinne inn i ei ny og spennande verd.

Eg les gjerne: Det meste, men likar variasjon. Krim rundt påsketider, drama i sommarferien og barne- og ungdomslitteratur heile året rundt.

Målgruppe: Eg jobbar på ein 1-10 skule og har vore småbarnsmor i snart 15 år. Eg formidlar gjerne for barn og unge både i barnehage, småskule, på mellomtrinnet og i ungdomsskulen.

Område: Sogn, Nordfjord og elles alle stadar som ligg eit par timars køyring frå Fjærland. 

Bakgrunn: Høgskulen/ lærarskulen i Volda og Sogndal frå 1996 – 2003. Lærar på Skei barne- og ungdomsskule sidan 2003. Der jobbar eg mellom anna mykje med ulike lesekurs og studieteknikk.

Kontakt: Er lettast å få tak i på e-post: gunn.dale.tufte@jolster.kommune.no Alternativt: 97 68 02 62

Gå attende til oversikta over alle lesegledarane, eller legg inn bestilling via skjema så set vi deg i kontakt med nokon som kan passe.