Lesegledar fordi

Eg meiner at det finst ei bok som passar for alle, men at somme kanskje treng litt hjelp til å finne ei som passar.

Eg har alltid vore glad i å lese. Mor mi las bøker høgt for meg, då eg var lita, og dette er gode minner frå barndommen. I skulen kom endringa for meg då ein lærar sa, at ein absolutt ikkje trengte å lese ferdig ei bok ein ikkje likte, men heller finne ei ny. Då opna bokverda seg for meg.

Som mor sjølv til fem gutar har eg vore opptatt å gi denne leseopplevinga vidare til mine barn, men både som mor og utdanna lærar kan det vere utfordrande å få særleg gutar til å sluke bøker. Altså lyt vi stå på og formidle god litteratur, for å vise dei, at gjennom bøker kan dei forsvinne inn i ei ny og spennande verd.

Eg les gjerne

Det meste, men likar variasjon. Krim rundt påsketider, drama i sommarferien og barne- og ungdomslitteratur heile året rundt.

Målgruppe

Eg jobbar på ein 1-10 skule og har vore småbarnsmor i snart 15 år. Eg formidlar gjerne for barn og unge både i barnehage, småskule, på mellomtrinnet og i ungdomsskulen.

Område

Sogn, Nordfjord og elles alle stadar som ligg eit par timars køyring frå Fjærland.

Bakgrunn

Høgskulen/ lærarskulen i Volda og Sogndal frå 1996 – 2003. Lærar på Skei barne- og ungdomsskule sidan 2003. Der jobbar eg mellom anna mykje med ulike lesekurs og studieteknikk.

Bestill lesegledar!

< førre | neste >