Bibliotekarar får ofte spørsmål om gode bøker dei kan anbefale gutar som slit med å komme i gang med lesinga. Bøker som er spennande og underhaldande og som kan fungere som ein overgong frå Donald pocket til bøkenes verd.
Knirk er bloggen til forfattar og tobarnsmor Lise som starta ein tråd der ho etterlyste bøker som sonen på 9 år kunne lese sjølv. Saka vart fylgt opp med fem artiklar der ho fortalde korleis bøkene vart mottekne og korleis det gjekk med leselysta. Nyttig for ein bibliotekar som ikkje alltid får respons på anbefalingane sine!
Det er også nyttig å høyre om dei erfaringane ho gjer seg og om korleis dei klarar å auke leselysta til sonen. Vel verdt å sjekke ut.