Det var opningstale v/ kulturminister Trond Giske, det var Frode Grytten som talte varmt om innkjøpsordningane, det var professor Ragnar Audunsson som snakka om og forskar på biblioteket som møtestad, som han meinte fungerar som ein kompleks møtestad der folk kan vere heile menneske (yrke, forelder, interesser, alt på ein gong), det var ein britisk professor som snakka om ytringsfrihet etc etc - og det var gamle studievener eg ikkje har sett på 20 år, det var rødvin om natta med nye kjenningar: ein bibliotekar frå Porsanger og ein frå Deichman, det var syngande studentmannskor, det var ein fantastisk flott Grieghall, det var vått i Bergen, bussturen dit tok 9 timar grunna ras og stengd veg...

Og eg fekk mange muligheter til å svare på: Gloppen, kvar er det, kva er nærmaste by, kor mange er dokke på biblioteket, kva driv de med ..., kvar gong ein sette seg ned på ein stol! Visst var eg i tvil om eg skulle reise, både av omsyn til kostnad og tid. Og visst var eg glad for å vere der, i lag med så mange (rundt 800), - å vere der når vi fekk svaret: Kva seier no ministeren?, - å vere der i eit forrykande musikalsk opningsnummer ein våt torsdagsmorgon kl 09..

Og visst sakna eg kollegaer i frå fjordafylket, men mest av alt var det ein opptur som eg vil leve lenge på, og som også gjev ei fagleg stolthet og motivasjon for vidare arbeid: midt i ein tid med store utfordringar og endringar: Det skjer mykje spennande, det blir gjort så mykje godt arbeid, biblioteka er viktige oasar landet rundt!

Så neste gong, på Hamar i 2010: Berre reis!

Elles kan de lese om Giske sin tale og mange andre ting frå møtet på NBF sin nettstad, der er også samla bloggar med skribentar frå møtet: http://www.norskbibliotekforening.no/

Knut Olav Åmås skreiv om biblioteket i forkant av møtet, i Aftenposten, "Bibliotek i bakleksa"

Helsing Torill