Losnegård v/Aldateateret har det siste året turnert med forteljinga om Gilgamesh, sist på Litteraturhuset i Bergen. Forteljinga som opphaveleg er eit epos frå eit område i dagens Irak, byggjer på Losnegårds bok om Gilgamesh, ei gjendikting til nynorsk, engelsk og arabisk. I dagsturhytte-versjonen møter den gamle forteljinga det norske eventyret. Forteljinga er tilpassa framandspråklege og utandørs oppsetting med norsk natur som ramme og dagsturhytta som arena.

Erfaringar frå Eid og Gloppen
På Eid 19. juni var det meininga å ta turen til dagsturhytta på Naustdalskamben, men veret sette ein stoppar og tilstellinga vart flytta innandørs. Om lag 60 frammøtte fekk oppleve Losnegård si gjenforteljing av Gilgamesh og sjå Fredrik Rysjedals illustrasjonar frå boka.

To dagGilgamesh på Eid 19.06.18ar etter gjekk turen til dagsturhytta Draumekvila på Sandane, og trass lett yr, fekk om lag 40 publikummarar høyre den nesten 5000 år gamle forteljinga om kong Gilgamesh. 

Gloppen Opplæringssenter var spesielt invitert, og rektor Sonja Jordanger Loen seier til Firda Tidend (26.06.18) at framsyninga var flott i utandørs omgjevnader:

- Eg håpar vi kan få til noko liknande seinare. Dette var kjekt, sosialt og lærerikt, og så fekk vi oss ein tur denne flotte dagen. For mange var det første gong dei var på Draumekvila, seier Jordanger Loen.

Folkebiblioteka som integreringsarena
Ved å inviterer til felles natur- og kulturopplevingar med dagsturhytta som turmål, legg vi til rette for gode møte mellom nye og etablerte innbyggjarar for å skape tilhøyrsle og samkjensle i lokalsamfunnet.

Folkebiblioteket i kommunane står for førebuing og sjølve turdagen til dagsturhytta i samarbeid med lokale krefter. Biblioteka har solid erfaring i å leggje til rette for møte og samtaler på tvers av kultur og språkleg bakgrunn, mellom anna gjennom språkkafé og samarbeid med norskopplæring og frivillige.

Dagsturhyttene har nynorske bibliotek, og eit viktig mål med turneane er òg å synleggjere bibliotektilboda i kommunane.

– For mange er biblioteket ein kjend og etablert møteplass, og no kan ein også oppleve biblioteket i den frie naturen. Med dagsturhytter i alle kommunar i fylket har biblioteka fått nye mogelegheiter til å nå ut med sine tenester, fortel Gyri Tolaas, biblioteksjef ved Eid folkebibliotek.

Fleire arrangementsrekkjer i vente
Fylkesbiblioteket har fått stønad frå Nasjonalbiblioteket til tre ulike arrangementsrekkjer på dagsturhyttene i 2018 og 2019 i samarbeid med folkebiblioteka i kommunane. Vi er i gang med planlegging av turnéar også for ungdom og barnehageborn, men først skal vi turnere med Gilgamesh i fleire kommunar.  

Dagsturhytteprosjektet er eit initiativ frå Sogn og Fjordane fylkeskommune for å bidra til betre folkehelse. I laupet av 2018 vil alle kommunar i Sogn og Fjordane få si eiga dagsturhytte. Dagsturhyttene er utrusta med eit turbibliotek som skal stimulere til lesing og gjere kjend nynorsk litteratur. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. Målet er fysisk aktivitet og bibliotek for alle. Les meir om dagsturhytteprosjektet.