Lesegledar fordi

Eg tykkjer det er kjekt og spennande å formidla litteratur og å gjera denne levande. Det er inspirerande å sjå ungar reagere spontant om noko er spennande, trist eller morosamt.

Eg les gjerne

gard_eitungjerde_høyvik-1024.jpg

Eg likar eventyr og historier. Eg set også stor pris på bøker og biletbøker som er fortalde på ein slik måte at ein vert riven med.

Målgruppe

Eg har mest røynsle med å lese for dei som er mellom 4 og 9 år, men eg les gjerne for ungdom opp til 10. trinn.

Område

Sogn og Sunnfjord

Bakgrunn

Eg er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, lærar og psykodramaassistent. Eg har studert drama i eitt år, spelt i Skromlehjulet figurteater i Stavanger og spelt i nokre andre teateroppsetjingar. Eg har vore på workshop i Canada med teaterpedagogen Keith Johnstone, som m.a. har skrive ”Impro for storytellers”, og eg har seinare halde kurs i same tema. Eg har undervist på internasjonale ungdomskurs i teater, i regi av EU gjennom Erasmus-programmet. Eg har undervist i kulturskulen i Stavanger, teatergruppe og kulturspiren i Sogndal. Eg har fortalt eventyr for ulike aldersgrupper i Ciderhuset i Balestrand, og eg har halde workshops om formidling i teori og praksis. Eg har praktisert lesing og forteljing i barnehagar og på bibliotek. Lesegledar frå hausten 2015.

Bestill lesegledar!

< førre | neste >