Tildelingane går til to pågåande prosjekt, 450 000 til Lesarhistoria - ny veg til lesaren, og 120 000 til del to av Lettare Litteraturnett.

I Lesarhistoria-prosjektet samarbeider fylkesbiblioteket, folkebibliotek, skular og barnehagar om å utvikle nye formidlingsmetodar med utgangspunkt i barna sine lesarhistorier. Omgrepet lesarhistorie handlar om lesaren sitt forhold til lesing; haldning til lesing, lesemodellar, interesser og gode og dårlege leseopplevingar er døme på det som til saman utgjer lånaren si lesarhistorie.

Lettare litteraturnett er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Nordland fylkesbibliotek om å utvikle ein metode for å bygge opp lokale litteraturnett på ein enkel måte. Vi får utvikla metodar for å hente ut informasjon om forfattarar og litteratur frå opne kunnskapskjelder, som Wikipedia og databasane til Nasjonalbiblioteket, og formidle dette samla på ein nettstad. I del 2 vil ein m.a. arbeide med å få hente fleire typar data frå Nasjonalbiblioteket.

Også to folkebibliotek i fylket har fått midlar:

Leikanger folkebibliotek har fått 150 000 kr til prosjektet Folkebibliotek i felles kulturlokale, medan Høyanger bibliotek har fått 50 000 kr til Fortida for framtida.

Nasjonalbibliotekets nettsider finn ein heile lista over årets tildelingar.