Alle prosjekta tek utgangspunkt i strategiane frå Strategisk plan for bibliotekutvikling i Sogn og Fjordane.

Støtte til samarbeid- og utviklingsprosjekt: Ny formidling
For prosjektet «Fjordforfattarweb» har Nasjonalbiblioteket tildelt fylkesbiblioteket kr. 124.000 for å profilere nynorske bøker og forfattarar frå Sogn og Fjordane på nett. Prosjektet går under innsatsområdet ny formidling, som vektlegg korleis biblioteka skal betre bibliotektenestene ved å utvikle nye konsept og metodar for formidling, og korleis kunne møte brukarane sine ulike behov for fleksible tenester både i bibliotekrommet og digitalt.

Fylkeskommunen vil at nynorsken skal vere ei merkevare og eit konkuransefortrinn i Sogn og Fjordane og at kulturinstitusjonane skal vere i tet på digitale tilbod. Med prosjektet ønskjer vi at ABM-institusjonane i Sogn og Fjordane skal styrkje lokal identitet gjennom formidling av nynorsk litteratur, kultur og historie.

Støtte til regional samling om digital kompetanse og lesekompetanse
Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har fått tildelt kr. 50.000 frå Nasjonalbiblioteket for å arrangere ei regional samling med tema: Digital kompetanse i befolkninga – korleis kan biblioteket bidra. For at biblioteka skal synleggjerast som ein verdifull læringsarena og kunne nå breiare ut blant grupper som treng eit kompetanseløft, ønskjer vi å invitere biblioteka, saman med VOX, VOFO, Seniornett og eventuelle andre vaksenopplæringsorgan til ei felles samling for å dele erfaringar og avle verdifullt samarbeid.

Støtte til regionalt kurs i utviklingsarbeid
Fylkesbiblioteket har også fått tildelt kr. 50.000 frå Nasjonalbiblioteket for å bidra til utviklingsarbeid i biblioteka. Med desse midlane ønskjer vi å tilby kurs for kultur- og bibliotektilsette i kommunane. Kurset omhandlar tilskotsordningar; kva aktuelle tilskotsordningar fins, korleis tenkje nytt, tenelege samarbeid, kva kan utløyse midlar, og eksempel til etterfylging.


Meir informasjon om samlingane kjem på nyåret. Har de innspel eller tankar omkring prosjekta, ta gjerne kontakt!