Lesarhistoria – ny veg til lesaren fokuserer på formidling til barn og unge. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkesbiblioteket, folkebibliotek, skulebibliotek og barnehagar der ein skal prøve ut og samanlikne formidlingspraksisar som alle vender seg til unge lesarar. Formidlinga skal ta utgangspunkt i den einskilde si eiga lesarhistorie. Høgskolen i Oslo og Akershus følgjer og dokumenterer prosjektet. Prosjektet er treårig, og for første år er fylkesbiblioteket tildelt 450 000 kroner.

Herr Kurz i biblioteket – teater- og biblioteksamarbeid i Sogn og Fjordane er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkesbiblioteket, folkebibliotek, Aldateateret og Sogn og Fjordane teater om arrangementsutvikling kring forestillinga «Herr Kurz og damene» av Rolf Losnegård.  Gjennom prosjektet skal dei deltakande folkebiblioteka vidareutvikle seg som profesjonelle formidlarar og arrangørar for å i større grad kunne møte forventningane som ligg i den reviderte biblioteklova. Prosjektet er eittårig, og fylkesbiblioteket har fått eit tilskot på 370 000 kroner frå Nasjonalbiblioteket.

Meir informasjon om prosjekta vil bli lagt ut etter kvart. Søknadene vert dessutan tilgjengelege på Nasjonalbibliotekets sider i løpet av desember.