Fritt Ord lyser ut tilskot à kr. 50.000 til formidling av norsk og utanlandsk poesi ovanfor eit allment publikum. Søkjarar kan vere folkebibliotek eller enkeltpersonar og organisasjonar som har avtale med bibliotek om arrangement.

Ein kan søkje midlar til enkeltarrangement, eller til ein serie av arrangement. Ein står fritt til å velje tema og innhald, for eksempel kan ein ha seminar, opplesing, konsert, utstilling, samtale eller nettbasert formidling. Tiltaka bør gjennomførast hausten 2011 eller i løpet av 2012.

Søknadsfrist er 20. juni 2011.
Søknad skal leverast via skjema på nett, sjå www.fritt-ord.no og koplinga Søknadssenter. Søkarar vert oppfordra til å utforme prosjektutkast som skildrar tematikk, aktivitet og tidsperspektiv. Budsjett og finansieringsplan leggast ved.

Kontaktperson for spørsmål og informasjon er Oskar Kvasnes, Fritt Ord, tlf. 23 01 46 44 og e-post: oskar.kvasnes@fritt-ord.no