Det kan søkast både til enkeltarrangement eller til ei rekkje arrangement, med vilkår at tiltaka vert gjennomførte hausten 2015 eller i laupet av 2016. Tiltak det kan søkast støtte til er for eksempel formidling av teikneseriar, forfattarmøte, skrivekurs, debattar, lesesirklar, nettbasert formidling. Det er også ope for andre originale formidlingsidear utanom temaet litteratur.

Forutan bibliotek, er også enkeltpersonar og organisasjonar som har avtale med bibliotek om arrangement velkomne til å søkje.

Søknad leverast via skjema på nett, sjå www.fritt-ord.no og søknadssenter. Søknaden bør innehalde prosjektskisse som gjer greie for tematikk, aktivitetar og tidsperspektiv, samt budsjett og finansieringsplan. Innsendinga må merkast med "UngdomLitteraturBibliotek" i tittelfeltet.