Eg har berre lest desse to nemnte bøkene av Rune Christiansen, han har gjeve ut ein del, og når eg tenkjer på kva for ein forfattar som skapar den same gode og lune stemninga, kjem eg til Knut Hamsun og romanane Pan, Under høststjernen og En vandrer spiller med sordin.
Eg er overtydd om at det er det prosalyriske i bøkene til Christiansen som gjer at tankane mine dreg til Hamsun. Dei har den same rolege og melankolske tonen i seg. Ein musikk eg set pris på.
Har nokon lese andre bøker av Rune Christiansen enn dei eg har nemnt?