Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Vestfold fylkesbibliotek, Tønsberg og Nøtterøy bibliotek og Tønsberg Voksenopplæring, og har også blitt utvalt som eit Rom for Dannelse-prosjekt. Prosjektgruppa har arbeidd fram nye metodar og samarbeidsmodellar som bygger på foreldre si rolle i barna si læring. I prosjektet har det òg vore ei målsetting å styrke samarbeidet mellom vaksenopplæring og bibliotek.

Det har vore arrangert Fortell-meg!-kurs for deltakarar i norskopplæring og kvalifiseringsprogram (NAV). Med samlingar på biblioteket kvar veke à 2 timar har foreldre fortalt familiefortellingar for barna sine. Fortellingane har òg vore formidla gjennom utstilling på biblioteket og gjennom bruk av digital fortelling.


Kurset har fokusert på å gjere foreldre medviten aktiv bruk av språk og fortelling i familien, identitetsdanning gjennom fortelling og integrering gjennom formidling av personlege fortellingar i det offentlige rom.

 

Del av prosjektet har vore å utvikle ein metoderettleiing, denne er delt opp i to og har mange, gode praktiske dømer:
Del 1: Metodeveiledning (pdf)


Del 2: Fagleg forankring (pdf)


Les meir om Fortell meg! på heimesida, der ligg også deltakarane sine historier.