Kurshaldarane Linn Tønnessen, litteraturformidlar ved Stavanger bibliotek, og Kjersti Thorbjørnsen, avdelingsleiar ved Varhaug bibliotek, skal reise frå fylke til fylke og formidle over 100 kulturfondbøker frå 2012. Bøker alle bibliotek har fått, men ikkje nødvendigvis har fått sett seg inn i.

Både Kjersti og Linn er røynde litteraturformidlarar som er opptekne av den personlege litteraturopplevinga, og vil med velkjent engasjement og glimt i auget guide oss gjennom fjorårets kulturfondbøker for vaksne. Her får vi eit kjapt innblikk i både kva for bøker vi bør vidareformidle og løfte fram, og kva bøker vi godt kan styre unna! 

Bokpresentasjonen er eit fast tilbod som fylkesbiblioteket tilbyr kvart år, og brukar vere populært blant dei som ønskjer ei oversikt og nyttige knaggar for formidling av kulturfond-bøker.

Sjå program og meld deg på no!