Vågsøy folkebibliotek, Stryn bibliotek, Selje folkeboksamling og Bremanger bibliotek har saman med Sogn og Fjordane fylkesbibliotek invitert elevar på ungdomstrinn til tur og litteratur på dagsturhytta.

På dagsturhytta får ungdommane møte sakprosaforfattar Peder Samdal i framsyninga «Klar til kamp».  Med utgangspunkt i sin lidenskap for fotball har han skrive to sakprosabøker for ungdom, Fotball uten grenser (2018) og Mario Balotelli forklarer Europa (2015). I begge bøkene tek han tak i tema som fattigdom, tilhøyrsle, sosial ulikskap, rasisme og mental helse gjennom kjende fotballprofilar og deira liv.

Samdal flettar saman fotballprofilar frå heile verda med dagsaktuelle problemstillingar som kan engasjere og berøre, og gjev unge ein unik sjanse til å orientere seg i samfunnet.

Turnéen er støtta av Nasjonalbiblioteket. Fylkesbiblioteket har søkt og fått midlar til fleire arrangementsrekkjer på dagsturhyttene, les meir her

Dagsturhytte-besøk:
30.09. Kletten i Vågsøy
1.10. Kletten i Vågsøy
2.10. Vetenhytta i Bremanger
3.10. Sjøglytt i Selje
4.10. Kloppemyrhytta i Stryn