Lars Ove Seljestad er aktuell med prosadiktet Storspring  med handling omkring smelteverket i Odda, og han har gitt ut fleire kritikarroste romanar.

Turneen er planlagt gjennomført i slutten av oktober, og går til folkebiblioteka i Gaular, Fjaler, Askvoll, Flora og Hyllestad.

Tilskot til litteraturformidling i folkebiblioteka i regi av Fritt Ord er i år gitt til prosjekt som presenterer svensk, dansk og norsk fag-og skjønnlitteratur. Arrangement som legg vekt på litteratur skildrar samtida og den felles skandinaviske kultur- og litteraturhistoria er prioritert. Fylkesbiblioteket har fått 50 000 frå desse midlane.

I 2012 fekk Sogn og Fjordane fylkesbibliotek stønad frå Fritt Ord til ein turné om Hulda Garborg med forfattar Arnhild Skre og musikar Gro Marie Svidal. Den vart halden i Nordfjord i oktober.