I samband med DKS-turnéen «Så vakker du er» engasjerer Sogn og Fjordane fylkesbibliotek Brynjulf Jung Tjønn til å møte ungdommar som har sett teateroppsettinga av boka.

Målet er å få til refleksjon både om temaet som er teke opp og om forholdet mellom tekst og dramatisering. Tjønn vil under forfattarmøta lese frå boka og fortelje om forfattarskapen sin, og det vert rom for dialog mellom elevane og forfattar. Tjønn kan også drøfte tekstar som elevane har skrive, anten det er ei bokmelding eller ei meir personleg forteljing.

Forfattarmøta er i etterkant av teaterturnéen, og folkebiblioteka i dei aktuelle kommunane avtalar forfattarmøtet i samarbeid med skulen. Biblioteka har allereie fått eit klassesett av boka som stykket er basert på. Bøkene kan fordelast på skulane, og vi håper at elevane som ser framsyninga og får møte forfattaren, også får lese Tjønns tekst.

Forfattarturnéen er eitt av tiltaka i ei planlagd arrangementsrekkje som er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Førebels turnéplan:
Onsdag 6. april:
Klassebesøk Naustdal
Klassebesøk Lavik
Kveldsarrangement Dale i Fjaler

Torsdag 7. april
Klassebesøk Eivindvik i Gulen
Klassebesøk Hyllestad

Onsdag 13. april
Klassebesøk Sande i Gaular
Kveldsarrangement Flora

Torsdag 14. april
Klassebesøk Solund