Den kulturelle skulesekken og Sogn og Fjordane fylkesbibliotek har invitert elevar på ungdomstrinn i Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Årdal og Aurland til tur og litteratur på dagsturhytta. Ungdommane får der møte den samfunnsengasjerte forfattaren Anders Totland. 

Verda er i forandring, ei forandring som utfordrar oss og vår livsstil. Totland har skrive ein tekst som med utgangspunkt i dyrevelferd, matproduksjon og overforbruk tematiserer natur-, miljø- og klimautfordringar i vår tid. Elevane blir inviterte til å diskutere kva som er i ferd med å skje med jordkloden og naturen rundt oss. Totland gir vidare eit innblikk i skriveprosessen: korleis idéar oppstår, kvar han finn inspirasjon og kvifor han skriv for ungdom. 

Produksjonen er støtta av Nasjonalbiblioteket. Fylkesbiblioteket har søkt og fått midlar til fleire arrangementsrekkjer på dagsturhyttene, les meir her