Sogn og Fjordane Teater sitt teaterstykke "Så vakker du er" er basert på Brynjulf Jung Tjønns bok med same tittel. Stykket har vore vist som DKS-famsyning i kommunar i Sogn og Fjordane i vår, og fylkesbiblioteket har engasjert forfattaren til å møte ungdommar som har sett framsyninga. 6.,7., 13. og 14. april er Tjønn på turne i fylket.

DKS Sogn og Fjordane har i samarbeid med fylkesbiblioteket kjøpt inn og fordelt ut til biblioteka klassesett av boka som teatersykket er basert på. Elevane som har sett framsyninga har dermed også fått lese Tjønns tekst. Målet har vore å få til refleksjon både om temaet som er teke opp og om forholdet mellom tekst og dramatisering. Tjønn vil under forfattarmøta både fortelje om boka og eige forfattarskap og gå inn i tekstar som elevane har skrive sjølve. Nokre av elevane han møter har skrive særoppgåve om boka, andre har produsert Twitter-noveller basert på boka og teaterstykket. Janne Karin Støylen er engasjert av fylkesbiblioteket til å førebu og følgje opp biblioteka og skulane som skal ha besøk av Tjønn.

To av kommunane har ope arrangement på kveldstid med forfattaren. I Dale 6. april samtalar Janne Karin Støylen med Tjønn og  Miriam Prestøy Lie, som har vore regissør for teaterstykket. 13. apri vert det kveldsarrangement i Florø.

 

Turneplan:
6. april
Naustdal barne- og ungdomsskule
Lavik skule
Fjaler folkebibliotek, Dale

Torsdag 7. april
Eivindvik skule
Hyllestad skule

Onsdag13. april
Sande skule
Flora folkebiliotek, samfunnshuset

Torsdag 14. april:
Solund skule

Arrangørar for forfattarmøta er fylkesbiblioteket i samarbeid med dei lokale folkebiblioteka og skulane.