Denne veka får fleire skuleklassar møte forfattaren Anders Totland, med eit opplegg basert på boka hans "Engel i snøen". Boka er ei av ti representert i leseaksjonen "Tid for ti" som Foreningen !les og Nynorsksenteret står bak. 

Fylkesbiblioteket samarbeider med Foreningen !les om denne turnéen, og målgruppa er primært 7.-trinn-klasser som er påmeld til «Tid for ti». I tillegg til Totland vil Ole Ivar Burås Storø fortelje kort korleis ein kan jobbe godt med «Tid for ti»-aksjonen, og presentere nokre bøker.

Fylkesbiblioteket samarbeider med dei lokale folkebiblioteka om å tilby forfattarbesøket til skulane, og arrangementa vil stort sett føregå i biblioteka. 

Førebels turnéplan:

Måndag, 6. mars

  • Eid bibliotek (Kjølsdalen Montessoriskule + ei klasse)
  • Stryn bibliotek (Tonning skule) 

Tysdag, 7. mars

  • Vågsøy folkebibliotek (Skram skule)
  • Selje bibliotek, Flatraket filial (Flatraket skule)
  • Selje folkeboksamling (Selje skule) 

Onsdag, 8. mars

  • Naustdal bibliotek (Naustdal barne- og ungdomskule)
  • Jølster bibliotek, Vassenden filial (Vassenden skule)

Torsdag, 9. mars

  • Leikanger bibliotek (Leikanger ungdomsskule)
  • Lærdal bibliotek (Lærdalsøyri skule) 
    (Denne dagen er lesegledar Siv Hatlem med i staden for Ole Ivar Burås Storø)

Turnéen er støtta av Nasjonalbiblioteket med arenautviklingsmidlar.