Ove EideProgram

Foredrag av Ove Eide: Den litterære fylkestoppen.
Ei vandring gjennom litteraturen i Sogn og Fjordane gjennom 250 år - og eit framlegg til ein fylkeskanon.

Ove Eide er pensjonert lektor, forfattar og foredragshaldar, og kanskje den i Sogn og Fjordane som har mest inngåande kjennskap til litteraturen i fylket. Eide vil peike på nokre historiske linjer og trekkje fram dei av forfattarane våre han meiner ruvar høgst litterært.

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek presenterer den nye nettstaden Forfattarar frå Sogn og Fjordane.

Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen gir ein kort presentasjon av nettstaden, som gir tilgang til artiklar om forfattarar med tilknyting til fylket.