I lisesnmodellen vil ein kjøpe ein eller fleire lisensar for ei bok ein ynskjer å tilby frå biblioteket, der lisensen gjeld for 2 år og inntil 10 lån. Etter denne toårsperioden går boka over i ein klikkmodell, der det er ubegrensa utlån, men biblioteket betaler ein viss sum for kvart utlån av boka (det er foreslått inntil 10% av innkjøpsprisen). 

Nasjonalbiblioteket har kome fram til dette forslaget etter samtalar med Forleggerforeningen og andre relevante aktørar. 

Ein kan lese heile forslaget på Nasjoalbibliotekets nettsider.