I januarutgåva av Bibliotekaren søkjer Bibliotekarforbundet å finne svar på kva eit modellbibliotek er. Frå Storitingsmeldinga nr. 23 Bibliotek : Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid, vert det peika på at det skal synleggjerast folkebibliotek med god funksjonalitet, møtestadfunksjon og gode partnarskap som modellbibliotek. Trivselshagen på Sandane vert presentert som eksempel på eit modellbibliotek som andre kan ta lærdom av.

Les meir om Modellbibliotek - i teori og praksis, med mellom anna kommentarar frå biblioteksjef Torill Berge. Heile artikkelen står i tidsskriftet Bibliotekaren nr. 1, 2010.